skip to Main Content
Annegrete Bruvoll

Partner

annegrete@menon.no
+47 997 11 787

Annegrete Bruvoll er samfunnsøkonom og partner i Menon. Ho har 30 års erfaring frå økonomisk forsking og utreiing frå Finansdepartementet, som forskar 1 og forskingsleiar i Forskingsavdelinga i Statistisk sentralbyrå, og som utreiar og partner i Menon og i Vista Analyse.Hennar spesialområde er klima-, energi- og miljøøkonomi. Annegrete har brei erfaring frå vurderingar og utforming av klimatiltak i regi av kommunar og fylkeskommunar og frå kartlegging av barrierar mot klimatiltak for KS, Finansdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Dei seinare åra har ho gjennomført ei lang rekkje nasjonale og nordiske prosjekt knytte til vurderingar av grøn økonomi, miljøskadelege subsidiar, utforminga av Klimalov og utvikling av næringar innanfor bioøkonomien. Annegrete leia også områdegjennomgangen av norske klimastøtteordningar på oppdrag for Finansdepartementet og Klima- og miljødepartementet.Annegrete har vore sentral i metodeutvikling av verktøy for samfunnsøkonomiske analysar av investeringar i infrastruktur for transportetatane og ho har bidratt sentralt i utviklingsarbeidet for metodar for ringvirkningsanalysar. I dag leier ho ei rammeavtale for Samferdselsdepartementet om klimatiltak i transportsektoren og ho har støtte gjennom Forskningsrådets TRANSPORT-program til vidareutvikling av modellverktøy for samfunnsøkonomiske analysar ved infrastrukturinvesteringar.

Ho har også omfattande evalueringserfaring, og leia i 2018 evalueringa av tilsynsordninga for barn i fosterheimar.  Per i dag leier ho eit forskings- og utreiingsprosjekt for Bufdir med vurderingar av best eigna tiltak for barn som bur utanfor foreldreheimen.

Hennar styrke er evna til å gje råd om verkemiddelutforming som er effektive og tilpassa politiske realitetar, der råda er solid forankra i vitskapelege arbeid. Ho har delteke i fleire styre i Norges Forskingsråd, i evalueringsutval for forskingsprogram i Norge og EU og i offentlege utval, og ho deltok som lead author i 2014-hovudrapporten til FNs klimapanel (IPCC), med vurderingar av verkemiddel for klimatilpassing. Ho har også vore redaktør av fagtidsskriftet Samfunnsøkonomen, referee av internasjonale tidsskrift og kvalitetssikrar av forskings- og utreiingsprosjekt, og ho har fått prisar for god formidling.

Annegrete har brei bakgrunn frå akademisk forsking og analyse, og omfattande erfaring frå publisering, redaktørarbeid og kvalitetssikring. Ho har delteke i fleire styre i Norges Forskingsråd, offentlege utval, og i evalueringsutval for forskingsprogram i Norge og EU.

Last ned CV

Kontakt oss

MENON ECONOMICS


Telefon: +47 909 90 102
E-post: post@menon.no
Adresse: Sørkedalsveien 10 B, 0369 Oslo